Vil du overleve, må du vere sterk og smart

For lenge sidan var det tre nære vener: herr Jern, herr Glas og herr Sylteagurk. Herr Jern var laga av jern, herr Glas var laga av glas, og herr Sylteagurk var laga av sylteagurk. Dei var fattige folk som ikkje kunne arbeide, og dei budde i ei lita hytte attmed det store slottet til ghoulen.

Mr. Iron, Mr. Glass and Mr. Pickle outside their small cottage beside the big castle at night

 

Dei gjekk til kjøkenet til ghoulen og åt seg mette, og så gjekk dei attende til den vesle hytta si. Men ein dag medan dei sat og åt, fekk kona til ghoulen sjå dei på kjøkenet. Ho vart sint og sa at dei ikkje fekk lov til å kome dit.

Kona til ghoulen tek dei tre vennene på fersk gjerning medan dei et på kjøkenet hennar

 

Dagen etter kom dei attende og byrja å ete på kjøkenet, men ho såg dei, og denne gongen var ho rasande. Dei sprang, men ho sette etter dei, og denne gongen fekk ho tak i herr Glas og blåste på han. Herr Glas fauk opp i lufta, datt ned, braut i bitar og døydde. Vennene hans vart sørgmodige, men dei kunne ikkje gjere noko for han.

Kona til ghoulen blæs herr Glas opp i lufta

 

Dagen etter gjekk herr Jern og herr Sylteagurk dit igjen og byrja å ete, men ho sette etter dei på nytt. Dei sprang vekk, men ho følgde etter, og denne gongen fekk ho tak i herr Sylteagurk og blåste på han. Han fauk opp i lufta og datt ned, så knakk han og døydde. Herr Jern var svært lei seg og sint, og han ville ha hemn.

Kona til ghoulen blæs herr Sylteagurk opp i lufta

 

Dagen etter gjekk herr Jern til kjøkenet til ghoulen og byrja å ete. Ho såg han og spurde om han ville døy som vennene sine. Herr Jern sa at ho ikkje kunne drepe han. Då blåste ho på han, og herr Jern fauk opp i lufta og datt ned, men han døydde ikkje, for han var laga av jern. Så blåste ho hardare enn første gongen, men han døydde framleis ikkje. Ho prøvde ein gong til, men denne gongen sprakk munnen hennar medan ho blåste, og herr Jern lo av henne.

Herr Jern står støtt, og munnen til kona til ghoulen sprekk

 

Ho gjekk til skreddaren for å få sydd munnen saman att. Etterpå gjekk ho til den vesle hytta til herr Jern og ropte: «Kom ut hit viss du er ein sterk mann!» Herr Jern kom ut av hytta, og ho prøvde å blåse på han, men munnen sprakk igjen. Herr Jern lo av henne. Ho vart svært sint og gjekk til skreddaren for å få sydd munnen saman nok ein gong.

Skreddaren syr saman munnen hennar

"Kom ut hit viss du er ein sterk mann!"

 

Ho kunne altså ikkje drepe han, men ho fann på å fange han når han kom til kjøkenet hennar. Neste dag gjekk herr Jern til kjøkenet, men kona til ghoulen fekk tak i han, stappa han i ein sterk sekk og batt att sekken med eit bøddelsnøre, og ho valde dotter si Memona til å vakte over herr Jern.

Herr Jern bunden i ein sekk medan Memona vaktar

 

Kona til ghoulen ville koke herr Jern og be heile slekta si til å ete han, så ho sa til dotter si at ho måtte passe seg for å opne sekken. Så gjekk ho ut av huset for å invitere slekta til middag.

 

Herr Jern høyrde at ho ville ete han. Han lurte på korleis han kunne kome seg ut av sekken. Han byrja å tygge tyggegummi høgt og sa: «Raud tyggis, mmmm, nam nam! Grøn tyggis, mmmm, nam nam! Blå tyggis, mmmm, nam nam!», og det gjentok han mange gonger. Heldigvis ville dotter til ghoulen (Memona) ha tyggegummi, så ho bad herr Jern om ein bit.

Raud tyggis, grøn tyggis, blå tyggis: mmmm, nam nam

 

Herr Jern sa at han ikkje kunne gi henne tyggegummi, for sekken var bunden att. Han sa at ho kunne lage eit lite hol i sekken, men ho sa at ho ikkje kunne, for mora hadde forbode henne å opne sekken. Herr Jern venta eitt minutt, og så gjentok han: «Raud tyggis!!! mmmm, nam nam! Grøn tyggis!!!! mmmm, nam nam! Blå tyggis!!!!! mmmm, nam nam!» Til slutt sa ho ja, ho skulle lage eit lite hol.

 

Ho laga eit lite hol og sa: «Gi meg ein bit tyggegummi, takk». Men herr Jern sa at han ikkje fekk teke ut tyggegummien, for holet var for lite. Då gjorde ho det større og spurde: «Vil du gi meg tyggegummien no, takk?», men igjen sa han: «Nei, eg kan ikkje, holet er ikkje stort nok!» Ho gjorde holet endå større, men herr Jern gav seg ikkje før holet var stort nok til at han kunne kome seg ut gjennom det.

Holet er stort nok, og herr Jern glir ut av sekken

 

Då kona til ghoulen kom attende med slekta si, såg dei at maten alt stod på bordet. Kona til ghoulen sa at dotter hennar var ei framifrå jente, for ho hadde laga til herr Jern, og så byrja dei å ete.

Familien til ghoulen set seg til middag

 

Men då dei var ferdige med å ete, gjekk kona til ghoulen til kjøleskapet, opna fryseboksen og fekk sjå hovudet til dotter si. Ho skreik «Neeeeeei!?!????» og byrja å gråte, men herr Jern byrja å le og sprang opp på taket til huset åt ghoulen.

 

Ho sette etter han opp på taket, men herr Jern gjorde narr av henne og sa: «Dette er skjorta til Memona», og kasta skjorta til henne. Ho gråt hysterisk, og då sa han: «Dette er kjolen til Memona», og kasta han til henne. Så sa han: «Dette er trusene til Memona», og kasta dei òg til henne.

Herr Jern på taket til huset åt ghoulen

 

Til slutt sprang herr Jern langt av garde, nøgd med å vite at han hadde teke hemn for dauden til vennene sine, og at kona til ghoulen hadde mist alt ho elska.

 

Moralen i denne forteljinga er:

«Vil du overleve, må du vere sterk og smart»

Herr Jern går langt av garde i soloppgangen

Mr. Icon, Mr Glass, Mr Pickle